Mitt namn er Allegra. Eg vart føydd på Ydersbond 14. oktober 2009. No bur eg i Oslo med m&p, og greier meg bra som byhund også.

søndag 19. desember 2010

Stor jente

Tida flyr, og eg er allereie over 14 månadar og går mot mi andre jul. Ekspertane seier at eg no er meir eller mindre fullt utvokst. M&P tok ein liten sjekk i dag og eg er 56 cm høg (normalen for andre som meg er 56 til 58) og heile 32 kg! Normalen på vekt er visst 26 til 29 kg, men eg er jo slank og fin. M meinar eg er ein liten muskelbunt - eg brukar jo kvar sjanse til å øve på trekk-trening ;)

onsdag 15. desember 2010

God jul!

Eg gler meg kjempemasse til juleferie! I år skal vi vere i Sogn med Espe-gjengen. Masse familie, born, liv og leven - yay. Det ser også ut som det skal bli kaldt og godt. I romjula blir det nordmøre og meir familie og meir kulde. Blir ikkje mykje betre enn det :)



mandag 15. november 2010

Balder på besøk

Kompisen min, Balder, er på overnattingsbesøk - yay! Det er så grådig kjekt. Det er faktisk så kjekt at m&p ser det som nødvendig å separere oss fysisk. Vi har nemleg ein tendens til å ikkje greie å la vere å leike når vi er i lag. Vi syns faktisk det er så kjekt å vere i lag at vi helst drikk frå same skål på same tid...


Og når vi leikar ser det stort sett slik ut - heile tida!




Bøtta...

Ei bøtte er ikkje alltid berre ei bøtte. Av og til er det ein veldig skummel fiende... Eller kanskje leikekompis?


onsdag 10. november 2010

søskenbarn

Eg har eit lite søskenbarn. Eg syns ho er kul, og ho syns visst eg er ganske ok og :)


Sjå meir på tante Hanne sin blog.

onsdag 1. september 2010

Sjuk

Eg er litt pjusk for tida. Mamma og pappa oppdaga noke rart i pelsen min som viste seg å vere våteksem. Eg var til dyrlege på mandag - det er jo alltid kjekt forresten, får masse kos og godbitar, og sprøyte gjer jo ikkje litt vondt ein gong - og må gå på antibiotikakur, få på salve og gå med ein slik rar krage i ei heil veke. Ja ja. Det går jo heilt greitt. Og det går allereie litt bedre. Men eg trur nok eg ser litt rar ut - glattbarbert og med krage - for m&p ler ganske mykje av meg...


Kos

Eg er ein kosehund. Må nok berre innrømme det.

søndag 29. august 2010

Ferie #2

I Ålesund kosa eg meg masse - med bading, fjelltur og med leik med søskenbarna mine:






lørdag 7. august 2010

Eg og Jeff

Eg trudde aldri eg skulle bli ein stor fan av Jeff Bridges, men det var før han begynte å spele countrymusikk i Crazy Heart. Neste helg trur eg kanskje eg skal sjå The Big Lebowski.

tirsdag 27. juli 2010

Ferie #1

Ferie er kjekt! Bading, fjellturar og masse menneske heile tida - både store og små. Eg kunne hatt ferie heile året! Sjølv om det er litt plagsomt med alle insektsstikka eg får på nasen og rundt augene. Men så langt i år har eg berre fått ein einaste flått i alle fall.

tirsdag 13. juli 2010

Flått

I dag har eg fått Exspot - flåttmiddel - i pelsen. Eg har ikkje lyst å ende opp slik som stakkars Keso som fekk 63 flått på seg! Eg skal nemleg snart på ferie på Vestlandet, og der er det visst grådig masse flått har eg høyrt.

tirsdag 6. juli 2010

Kontorbikkje

Eg trivs veldig godt på kontoret til mamma, sjølv om det til tider blir litt kjedelig.


tirsdag 25. mai 2010

Telttur i Sørkedalen

Eg er jo eigentleg ein jakthund, og likar meg godt ute i naturen. Eg har så klart vore nokre turar både på Nordmøre, i Sogn og rundt Oslo tidlegar, men i slutten av mai fekk eg for første gong vere med på telttur. Turen gjekk til Sørkedalen, og det var kult. Det å sove i telt var i alle fall ikkje noke problem. Eg sov som ein stein eg :) Men eg trur kanskje mamma syns det var litt kaldt. Eg var så klart tøff og holdt energinivået oppe heile turen, men når vi kom ned igjen på parkeringsplassen måtte eg ta ein pust i bakken...





mandag 24. mai 2010

Kløv

Eg er ikkje stor nok til å bære noko særleg vekt enno, men eg har fått meg kløv, og når eg vert større skal eg bære masse greier når vi skal ut på tur! Det er i alle fall det mamma håpar på...

lørdag 3. april 2010

Påsketur

Påske betyr visst ferie og fri, så då for vi på tur igjen. Vi fekk treffe igjen den fantastiske Brevik-delen av familien, for vi var heile ferien på Ålvundeid. Det var utrulig kjekt. Delar av ferien budde vi i eit lite raudt hus for oss sjølve, og der fekk eg ansvar for å springe rundt huset og passe på. Ein dag kom ikkje berre familien, men heile slekta på besøk for å feire pappa sin 30-årsdag. Det er ikkje alle i slekta som er like glad i meg, men det gjekk veldig greitt.

Ein dag var på til og med på ski. Det vil sei, m&p og dei andre gjekk på ski, og eg sprang i snøen. Det var ganske slitsomt, men veldig artig.



fredag 12. mars 2010

Tilbake til Ydersbond

Mi første matmor, Edina, inviterte meg og alle mine søsken til pølsefest på Ydersbond. Det var grådig stas! Trur det vart litt forvirrande for alle menneska som forsøkte å halde styr på oss.


fredag 5. mars 2010

Tøffaste bikkja på banen

Eg blir støtt og stadig med mamma eller pappa på jobb, og då tek vi så klart buss og/eller bane. Eg syns ikkje det var veldig artig i starten - det er masse rare både menneske og dyr på på offentlege transportmiddel i denne byen. Dei første gongane måtte m&p bære meg både på og av, men etterkvart prøvde eg meg på å hoppe både på og av sjølv, og det gjekk jo bra.

Det kjekkaste med buss og bane er jo så klart all merksemda eg får - det er veldig mange her i byen som syns eg er fryktelig skjønn. Naturlig nok. Så eg får som oftast både smil og litt kos. Eg er personleg ganske sikker på at eg er den skjønnaste hunden her i byen i alle fall!


onsdag 3. mars 2010

Kurs

Som liten kvalp i den store verda så er det viktig å lære nye ting. Så ganske kjapt etter at vi kom tilbake til Oslo etter juleferien så starta eg og m&p på kurs. Heile våren gjekk eg på kurs, og eg har lært masse greier. Ikkje minst har m&p lært korleis dei skal forklare meg ting, og det er jo greitt. Dei kan vere ganske rare og mystiske av og til. Men no forstår eg ofte kva dei meinar, sjølv om eg kanskje ikkje er einig, og heller ikkje alltid høyrer på dei :)

Kursa vi gjekk på var gjennom Oslo Hundeskole, og vi traff mange kjekke hundar og hundeeigarar. Kursa var ute på ein parkeringsplass, og eg vart ganske ofte ganske skitten...

fredag 12. februar 2010

Snø

Snø er noko av det kjekkaste eg veit om! Fantastisk artig og deilig. Dei første dagane syns eg snø var så flott at eg ikkje hadde lyst å gå på bar asfalt ein gong. M&p vil nok kanskje påstå at eg var litt pinglete, men nei da! Snø er berre så utrulig flott! Spesielt artig er det så klart når m&p er med og leikar i snøen!



onsdag 3. februar 2010

Bading er oppskrytt!

Av og til så blir ein kvit liten hund så pass skitten at eg er nødt til å bade. Det forstår eg jo så klart, men det gjer det ikkje noko meir kjekt... Badekaret lagar masse ekle lydar, og vatnet oppå hovudet og sjampo og alt mogeleg - det er ikkje minm favorittaktivitet akkurat!

søndag 17. januar 2010

Leik

Heime der eg bur er det ikkje lov å springe laust. Det er ganske mange ungar her, og ein god del ser ut til å ver elitt redde meg. Men rett borti høgget het er det ein innegjerda leikeplass som vi kan springe og styre litt på. Der er det kjekt å berre gå rundt og snuse, leike med andre hundar, eller leike med m&p.


torsdag 14. januar 2010

Veterinæren

Ikkje lenger etter at vi kom tilbake frå juleferie så måtte eg til veterinæren for å få sprøyte. Eg trur mamma var litt nærvøs. Men veterinæren var jo kjempesnill. Og sprøyta kjente eg ikkje ein gong. Og etterpå fekk eg godbit :)

lørdag 9. januar 2010

Soving og bur og slikt...

Då jula var over og vi var tilbake i Oslo, så var det på tide å få litt struktur på dagane. Heilt sidan første natta eg kom i hus hadde eg sove i buret mitt. I starten var buret inne på rommet til m&p, men etter kvart vart det flytta ut i gongen også om nettene. Og det tok ikkje så lenge før vi berre sat opp grinder inn til stua og og rommet til m&p slik at eg kunne ha heile gangen for meg sjølv om nettene. Det var veldig greitt, for eg syns det var litt kjedelig å ligge i buret heilt åleine. Men eg syns det er veldig fint å kunne ligge på teppet inne i buret når eg er våt :)

Leika på biletet er forresten favorittleika over alle! Ein frosk som piper. Den var ei julegåve frå min kule nevø Viljar :)

søndag 3. januar 2010

Mi første jul - Sogn

Etter nokre dagar i Ålesund reiste vi til Sogn for å treffe, og så klart sjarmere, resten av familien. Det sjarmeringsoppdraget var vel enno enklare... Og i Sogn var det meir snø, fleire ungar og enno meir liv og røre. Men ingen gåvepapir på golvet, det var jo litt kjedelig. Men vi hadde nokre artige dagar med leik og røre, og så klart ganske masse søvn. Spesielt etter å ha gått heilt rundt byggefeltet - det var grådig langt!

Brått ein dag så skulle alle pynte seg veldig igjen, og det small runt om kring i nabolaget. Det gjorde meg eigentleg ikkje så mykje, men eg kvapp litt når det small medan pappa hadde meg med ut på ein liten tur.