Mitt namn er Allegra. Eg vart føydd på Ydersbond 14. oktober 2009. No bur eg i Oslo med m&p, og greier meg bra som byhund også.

mandag 11. juli 2011

Søndagstur

Søndagstur med mamma rundt Nøklevann. Mamma trengte litt bærehjelp, så eg tok på meg kløv for å hjelpe til.
Published with Blogger-droid v1.6.7

lørdag 7. mai 2011

mandag 28. februar 2011

I solnedgang

Her i Oslo er det framleis vinter - fin vinter. Men dei verste minusgradene har sluppe taket og m syns det er Pity kjekkare å vere ute. Lys og sol ut på ettermiddagen hjelp også på humøret.
Published with Blogger-droid v1.6.7

mandag 21. februar 2011

Kong

Dette er kongen min. Den oransje. Han andre er p. Kongen er fantastisk, og den kan flyte. Den vart kjøpt inn etter at vi fann ut at den gamle kongen ikkje kunne flyte. Dette favorittleika! Og favoritt-p :-)
Published with Blogger-droid v1.6.7

lørdag 5. februar 2011

jul litt på etterskudd

Ja, dette er jo litt i seinaste laget, men m&p gløymde å ta med kamera på juleferie, så då har vi ikkje fått bileta vi tok med eit lånt kamera før no nyleg. Slik hadde eg det i alle fall i Sogn i jula. Masse snø, masse barn og voksne, eit hav av gåver, og ikkje minst spennande gåvepapir, og hundesirkus i stua... Då er det greitt å kunne å stresse ned.

tirsdag 1. februar 2011

skitten dag

Det er ikkje kvar dag det er like kjekt å traske rundt i byen. Etter å ha gått frå Ulven til Kirkegata var eg så møkkete at m måtte dusje av meg. Og sjølv etter det ser eg slik ut. Det er bra eg har mitt eige teppe på kontoret til m.
Published with Blogger-droid v1.6.6

mandag 24. januar 2011

Handballkos

Handballkamp på tv betyr ofte kos på golvet. Eg likar handball på tv :-)
Published with Blogger-droid v1.6.5