Mitt namn er Allegra. Eg vart føydd på Ydersbond 14. oktober 2009. No bur eg i Oslo med m&p, og greier meg bra som byhund også.

fredag 12. mars 2010

Tilbake til Ydersbond

Mi første matmor, Edina, inviterte meg og alle mine søsken til pølsefest på Ydersbond. Det var grådig stas! Trur det vart litt forvirrande for alle menneska som forsøkte å halde styr på oss.


fredag 5. mars 2010

Tøffaste bikkja på banen

Eg blir støtt og stadig med mamma eller pappa på jobb, og då tek vi så klart buss og/eller bane. Eg syns ikkje det var veldig artig i starten - det er masse rare både menneske og dyr på på offentlege transportmiddel i denne byen. Dei første gongane måtte m&p bære meg både på og av, men etterkvart prøvde eg meg på å hoppe både på og av sjølv, og det gjekk jo bra.

Det kjekkaste med buss og bane er jo så klart all merksemda eg får - det er veldig mange her i byen som syns eg er fryktelig skjønn. Naturlig nok. Så eg får som oftast både smil og litt kos. Eg er personleg ganske sikker på at eg er den skjønnaste hunden her i byen i alle fall!


onsdag 3. mars 2010

Kurs

Som liten kvalp i den store verda så er det viktig å lære nye ting. Så ganske kjapt etter at vi kom tilbake til Oslo etter juleferien så starta eg og m&p på kurs. Heile våren gjekk eg på kurs, og eg har lært masse greier. Ikkje minst har m&p lært korleis dei skal forklare meg ting, og det er jo greitt. Dei kan vere ganske rare og mystiske av og til. Men no forstår eg ofte kva dei meinar, sjølv om eg kanskje ikkje er einig, og heller ikkje alltid høyrer på dei :)

Kursa vi gjekk på var gjennom Oslo Hundeskole, og vi traff mange kjekke hundar og hundeeigarar. Kursa var ute på ein parkeringsplass, og eg vart ganske ofte ganske skitten...