Mitt namn er Allegra. Eg vart føydd på Ydersbond 14. oktober 2009. No bur eg i Oslo med m&p, og greier meg bra som byhund også.

mandag 28. desember 2009

Mi første jul - Ålesund

Eg hadde som sagt ikkje vore heime i Karl Staaffsvei mange dagar før det var juleferie. Menneska syns i alle fall at denne julefeiringa var stor stas, så det var kjekt det. Vi var først hos tante Ingunn, onkel Roman og syskjenborna mine Elias og Miriam i Ålesund. Dit kom også farmor og farfar Brevik, og det var fullt hus. Etter litt smisking og sjarmering så greidde eg lett å sjarmere heile den delen av familien :)

Det var litt artig med alt papiret som menneska kasta rundt om på golvet på julafta, men eg tok det eigentleg ganske med ro. Når eg styra for masse så gjekk det av og til gale, men eg holdt meg i alle fall unna det ubehandla tregolvet til tante og onkel... Det var veldig fint å ligge under det fine treet som stod midt i stua. Og på teppet framfor peisen var det også veldig kjekt å ligge.

I løpet av ferien så fekk vi gått ein del turar, tøysa og tulla med Miriam og Elias, og vi hadde det veldig fint.

tirsdag 22. desember 2009

Bilkøyring

Bilkjøyring er ganske greitt eigentleg. Det er litt vanskeleg å halde balansen av og til, men det går jo fint etterkvart. Eg trur nok mamma og pappa var litt nervøse for om eg skulle bli bilsjuk og slikt, men det gjekk heilt fint. Vi tok ein liten tur omtrent kvar dag etter at mamma og pappa henta meg, og sjølv om eg kanskje var litt smånervøs den aller første turen, så vil eg sei at det gjekk fort over. Og det var jammen bra, for etter berre nokre få dagar heime så var det ut på tur.

Først køyrde vi frå Ulven og heilt til Ålesund. Der feira vi jul med tante Ingunn, onkel Roman, Elias og Miriam. Farmor og farfar var også med oss i jula, og det var stor stas. Men jula kan eg fortelje meir om seinare. Køyreturen gjekk heilt fint. Eg trur det i alle fall - eg fekk ærleg talt ikkje med meg så mykje, for eg låg i baksetet og sov omtrent heilt til Åndalsnes. Siste halvtimen var litt kjedelig, det må eg innrømme. Men det var uansett betre enn å vere på Åndalsnes - vi hadde ein liten matpause i masse minus og stiv kuling!

På turen frå Ålesund til Sogn så var det berre meg og mamma. Det gjekk og veldig fint. Då fekk eg til og med sitte i framsetet - stor stas. Det var ein del ferjer og venting og slikt, så det var litt meir pausar og litt mindre soving på denne turen, men vi hadde det kjekt. Då vi kom til Skei skulle vi setje frå oss bilen, og vi køyrde i morfar sin flotte Citroen tilbake til Hermansverk. Morfar syns visst eg var litt vel stille og rolig - men det er jo så deilig å sove i bil! :)

Ja, så køyring er ikkje noke problem. Det er jo ikke alltid like stas. Og dette med å kome seg inn og ut det er litt vanskeleg. Mamma og pappa hjelper til, og det er nok bra. Det er litt skummelt.

Og som sagt - det er deilig å sove i bil!





lørdag 19. desember 2009

Min nye heim

Etter ca fire veker til så kom mamma og pappa og henta meg. Etter mykje om og men (desse menneska skal alltid tyte så grådig), og ein litt skummel biltur frå Ydersbond til Karl Staaffsvei, så kom vi til min nye heim. Eg var ganske godt fornøyd. Det er ei heilt ok leilegheit, sjølv om eg ikkje alltid får lov å gå inn på dei mest spanande romma, og det er fine små hagar runt om overalt. Eg må berre innrømme at det i starten var ganske skummelt. Trappa tok det ei stund før eg takla, og det var litt skummelt å gå så langt frå huset - dessutan så ser jo alle husa heilt like ut her, så det var ikkje så lett å finne fram.

Men den første dagen, då vi kom heim til leilegheita, så vart eg litt forvirra i starten. Det var nemleg ikkje berre mamma og pappa som var der. Då vi kom heim så var det to born der og - ei litt lita og ei litt større. Og seinare på kvelden kom det to menneske til. Eg fann etter kvart ut at dette var tante Ingrid, onkel Eyvind og søskenbarna mine, Martine og Ida. Det var kjekt å ha dei på besøk, men eg var veldig sliten denne første dagen, og sov stort sett heile kvelden...

Nokre bilete frå dei fyrste dagane heime:


fredag 18. desember 2009

Det fyrste møtet med mamma og pappa

Eg vart jo føydd på Ydersbond - ein idyllisk stad i Aurskog-Høland. Der hadde eg det grådig fint - med seks søsken og 10 liksomsøsken, for ikkje å snakke om dei fem vaksne hundane. Men det var jo ikkje det som skulle vere heimen min - det var jo klart heilt frå eg vart føydd.

Då eg var om lag fem veker kom mamma og pappa på besøk for fyrste gong. Eg og dei to systrene mine fekk kome ut og helse på - vi visste faktisk ikkje heilt kven sin mamma og pappa dei skulle bli - men det vart fort klart at det var eg som var meint å vere med dei heim. Men vi måtte så klarte vente nokre veker til. Ikkje berre fordi eg skulle vere julepresang, men også fordi eg ville bli hos hundemammaen min ei stund til. Eg hadde mykje å lære før eg var klar for verda! Hundemammaen min heiter forresten Kira og er veldig fin.

Her er nokre bilete frå møtet med mamma og pappa: