Mitt namn er Allegra. Eg vart føydd på Ydersbond 14. oktober 2009. No bur eg i Oslo med m&p, og greier meg bra som byhund også.

mandag 28. desember 2009

Mi første jul - Ålesund

Eg hadde som sagt ikkje vore heime i Karl Staaffsvei mange dagar før det var juleferie. Menneska syns i alle fall at denne julefeiringa var stor stas, så det var kjekt det. Vi var først hos tante Ingunn, onkel Roman og syskjenborna mine Elias og Miriam i Ålesund. Dit kom også farmor og farfar Brevik, og det var fullt hus. Etter litt smisking og sjarmering så greidde eg lett å sjarmere heile den delen av familien :)

Det var litt artig med alt papiret som menneska kasta rundt om på golvet på julafta, men eg tok det eigentleg ganske med ro. Når eg styra for masse så gjekk det av og til gale, men eg holdt meg i alle fall unna det ubehandla tregolvet til tante og onkel... Det var veldig fint å ligge under det fine treet som stod midt i stua. Og på teppet framfor peisen var det også veldig kjekt å ligge.

I løpet av ferien så fekk vi gått ein del turar, tøysa og tulla med Miriam og Elias, og vi hadde det veldig fint.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar