Etter ca fire veker til så kom mamma og pappa og henta meg. Etter mykje om og men (desse menneska skal alltid tyte så grådig), og ein litt skummel biltur frå Ydersbond til Karl Staaffsvei, så kom vi til min nye heim. Eg var ganske godt fornøyd. Det er ei heilt ok leilegheit, sjølv om eg ikkje alltid får lov å gå inn på dei mest spanande romma, og det er fine små hagar runt om overalt. Eg må berre innrømme at det i starten var ganske skummelt. Trappa tok det ei stund før eg takla, og det var litt skummelt å gå så langt frå huset - dessutan så ser jo alle husa heilt like ut her, så det var ikkje så lett å finne fram.
Men den første dagen, då vi kom heim til leilegheita, så vart eg litt forvirra i starten. Det var nemleg ikkje berre mamma og pappa som var der. Då vi kom heim så var det to born der og - ei litt lita og ei litt større. Og seinare på kvelden kom det to menneske til. Eg fann etter kvart ut at dette var tante Ingrid, onkel Eyvind og søskenbarna mine, Martine og Ida. Det var kjekt å ha dei på besøk, men eg var veldig sliten denne første dagen, og sov stort sett heile kvelden...
Nokre bilete frå dei fyrste dagane heime:

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar