Bilkjøyring er ganske greitt eigentleg. Det er litt vanskeleg å halde balansen av og til, men det går jo fint etterkvart. Eg trur nok mamma og pappa var litt nervøse for om eg skulle bli bilsjuk og slikt, men det gjekk heilt fint. Vi tok ein liten tur omtrent kvar dag etter at mamma og pappa henta meg, og sjølv om eg kanskje var litt smånervøs den aller første turen, så vil eg sei at det gjekk fort over. Og det var jammen bra, for etter berre nokre få dagar heime så var det ut på tur.
Først køyrde vi frå Ulven og heilt til Ålesund. Der feira vi jul med tante Ingunn, onkel Roman, Elias og Miriam. Farmor og farfar var også med oss i jula, og det var stor stas. Men jula kan eg fortelje meir om seinare. Køyreturen gjekk heilt fint. Eg trur det i alle fall - eg fekk ærleg talt ikkje med meg så mykje, for eg låg i baksetet og sov omtrent heilt til Åndalsnes. Siste halvtimen var litt kjedelig, det må eg innrømme. Men det var uansett betre enn å vere på Åndalsnes - vi hadde ein liten matpause i masse minus og stiv kuling!
På turen frå Ålesund til Sogn så var det berre meg og mamma. Det gjekk og veldig fint. Då fekk eg til og med sitte i framsetet - stor stas. Det var ein del ferjer og venting og slikt, så det var litt meir pausar og litt mindre soving på denne turen, men vi hadde det kjekt. Då vi kom til Skei skulle vi setje frå oss bilen, og vi køyrde i morfar sin flotte Citroen tilbake til Hermansverk. Morfar syns visst eg var litt vel stille og rolig - men det er jo så deilig å sove i bil! :)
Ja, så køyring er ikkje noke problem. Det er jo ikke alltid like stas. Og dette med å kome seg inn og ut det er litt vanskeleg. Mamma og pappa hjelper til, og det er nok bra. Det er litt skummelt.
Og som sagt - det er deilig å sove i bil!

